søndag 22. januar 2017

Småkort del 1

Skulle tru det er samlebåndsproduksjon eg driv med, å vent, det er det. ;)

Inger Anne kom på besøk forje lørdag, og hadde ikkje med seg verken papir eller lim? Vi tok fram restekassa, og sidan ho ville leike med 10*10 kort, så "berre måtte" eg det også.


Eg har ein del motiv frå The Paper Shelter. Når du kjøper stempel der, får du eit eksmeplar ferdig fargelagt.  Eg har ikkje brukt desse før, men skreiv ut eit ark med motiv til kvar av oss, slik at vi skulle ha eit utgangspunkt.
Seinare i veka har eg skrive ut egenfarga motiv på fotopapir også.


Slik såg øsja mi ut i går kveld, ei veke etter eg starta. 
Og kva skal eg med alle desse korta? Vel, eg har ei prinsesse på 10 år og ei jente på 16, begge tykjer det er kjekt å ha med eit kort når dei går i bursdag. Disse korta er supre å ha liggande til det. Dessutan sel eg disse til kr. 45 pr stk. så nokre blir nok lagt ut for salg på Bokuben/Panduro i Førde. 


Var ikkje plass til alle desse korta i ein post, så eg legg ved 3 av dei her. Når det gjeld arka eg har brukt så er det restar, Det øverste er Graphic 45, nr. 2 er frå Magnolia og den siste hugsar eg ikkje. Det første motivet var fargelagt frå The Paper Shelter, dei to andre har eg sjølv fargelagt. 
Eg synes at insida skal var pynta på disse korta også. 



Denne jenta kjem frå All dressed up


 Og denne jenta kjem frå Karen Wyeth - Kaz Krafts


Er berre å sende meg ei melding her eller på FB, om du ynskjer kjøpe kort hos meg, eg lager også på oppdrag om du har spesseielle ynskjer!

Klem Anita

2 kommentarer:

  1. Så produktiv du har vore!!! Flotte småkort som passer perfekt når jentene dine skal i selskap.

    SvarSlett
  2. Flotte småkort og godt å få brukt någen rester 😉

    SvarSlett