mandag 5. juni 2017

Papirlosjen er 3 år!

Og vi liker å feire, vi liker veldig godt å feire. Så då blir det bursdagsfeiring.

Sidan vi er jubilantar, så skal vi også gi bort litt gaver. Alle DT-ene skal gi bort kvar sin RAK.  Gledar meg ein heil masse til å  kike på alle bidraga, som forhåpentleg vis kjem.

Denne gangen er det eit bilde ein skal hente inspirasjon ut i frå.
Men du må innom Papirslojsen for å sjå det ;)

Eg har laga eit bursdagskort utan motiv denne gangen.

Blomstrane har eg laga sjølv, og eg skal vise korleis eg gjer det litt seinare denne månaden.




Insida fekk berre pynt på eine delen, då størrelsen på kortet er så stor, at eit mønsterark ikkje kan delast på fleire en 2 sider. 

Baksida fekk restar av mønserakra, det eine snudd opp ned, og eit par sommarfuglar.


Klem Anita


torsdag 1. juni 2017

Bryllup hos Papirplaneten

Utfordringa i Juni hos Papirplaneten er Bryllup og bruk blonde / bånd.

Eg er så fornøgd med Kort og Godt sitt stempel, synes det er eit nydeleg brudepar. Her har eg farga det med Promarkers i brun tonar og sett det på puter.

Litt bling i form av hjarter, 3 heimelaga blomar og eg var i boks. Til brudeparet er stempla rett på papiret med Archival Ink, ei stempelpute eg synes er uovertruffen til tekst stempel.

Litt blonder måtte med.
Arka kjem frå Kaiserkraft Mademoiselle kolleksjonen.

Bilda er tatt, liggande på magen i graset, kl. 21:30 om kvelden. Sola var fremdeles på fjell toppane, så det var eit godt lys ute.






Klem Anita

mandag 29. mai 2017

Legends of the sea - kortkitt mai frå Scrapomania

Det er ikkje farlig å vere del av Papirlosjen sitt design team, når ein av hovedsponsorane er Scrapomania.

Måndens kortkitt for mai dukka opp i min postkasse for 9 dagar sidan, og tankane har gått under høgtrykk for å finne på noko orginalt å vise fram.

Kortkittet er laga på ein slik måte, at du kan lage ferdig minst 3 kort, med fleire ark og ein del pynt, inklusive motiv. Men, og her er mitt dilemma, eg har ikkje lyst å gjere det som er mest "logisk" eller enklast. Så Tankeprosessen er ferdig med 3 kort, men noken har stukke av med nokre av kveldstimane mine, så eg er kun ferdig med det første. Dei neste to kjem i løpet av et par dagar!


Etter å ha kikka på arka ei stund, velde eg ut det eg ville bruke som kjole, på dette kortet. Og velde resten ut i frå det. Blomane på kjolen er restar etter panela på kortet, og ja eg har panel på alle 4 sidene. Eg har brukt ei lita rad perler, og nokre små perler i blomane på kjolen frå eige utstyr, samt lim og tape. Resten fylde med i kittet.

Du har sikkert høyrt det før, men står du litt fast i scrappinga, og lurer på kva du skal prøve deg på, så er eit slikt kitt, ein super starthjelp, for her er med det du treng. Og om du lurer på om kortlaging er noke for deg, så treng du berre lim og saks utanom, og du er i gang.

Månadskittet finn du her: Kit- Prosjekt- Kort - PL




Klem Anita

søndag 28. mai 2017

Lacy sunshine

Eg må berre sei at eg diggar navnet på sponsoren til Papirlosjen denne gang, Lacy Sunshine, og ikkje minst tema som er blomar. Det kan aldri bli for mye blomar!

Akkurat no er det for varmt til å sitte ute i sola, så jeg kosar meg ved hobbybordet, med eit nydelig motiv, og nokre lekre ark.

Arka kjem fra Kaiser Kraft - Mademoiselle, og Joy Kraft - baby paper blokk. Blomane er heimelaga, alle utanom ei lita rose fra Panduro. Ellers har eg brukt rester av ark i ulike lillatonar som passa til motivet.
Dei store rosene er laga med en 1,5" punch fra Panduro, og blad fra Kort og Godt dies. Dei små blomane er laga med en dies fra Kort og godt. Gratulerer er fra Papirdesign.

Motivet Twirlberry's flower, er fargelagt med de fleste av mine Copic, eg har ikke så mange, men eg har fargene: lilla, grøn og "hud".  Det gule er Promarker. Litt glitter på motivet for å få det til å "poppe" litt ekstra.


Du har forsatt nokre få dager igjen av utfordringen hos Papirlosjen, så hiv deg rundt. Det kan ikke bli enklere en blomster!

Og til dokke som faktisk leser bloggen min, eg har ikkje blogga sidan byrjinga av april, då eg har hatt det litt for travelt, og ikkje "orka/prioriterte" å blogge. Eg er så heldig å få selje kort på den lokale hobbybutikken, og konfirmasjons kort er det eg sel mest av, så i tillegg til å ha konfirmant sjølv i år, så har det vore stor produksjon av konfirmasjons kort.

Noke av grunnen til manglande blogging er at det er ganske krevjande å gå rundt å hugse på kva ark eg har brukt, og kva fargen på tusjane var. Så eg har tenkt at eg kansje heller skal begynne å skrive litt meir personleg, og litt mindre fakta på bloggen. Vi får sjå. Tusen takk for at du tok deg tid til å kike innom i dag, og legg gjerne igjen ein komentar eller fem :)



Klem Anita

fredag 7. april 2017

Vår hos Papirplaneten

For meg har vår betydd konfirmasjon dei siste åra. Eg er så heldig å få selge litt konfirmasjonskort, både på bestilling, og på Bokuben/Panduro, så det går mykje i konfirmasjon for meg på denne tid.

I år har eg konfirmat sjølv også, så då blir det ekstra mykje "papir-arbeid" som har konfirmasjon som tema.

Stempelet er Simply Betty, blomane er Prima, Papirdesign og WOC.
Litt gammalt gardin, ein Chery Lynn dies og ark frå Pion.
Stempelet er farga med Promarker.

Utfordringa hos Papirplaneten er våren.




Klem Anita

torsdag 6. april 2017

Konfirmasjon med ledlys

Alle som kjenner meg veit at jeg er særs glad i utfordringer, så når Monica kom å sa at vi skulle få noen dioder fra Scrapomania, var jeg ikke så veldig vanskelig å be.

For å få det til å lyse treng du en led-lys, et batteri 3v (tror det funger med hvilket som helst 3v batteri, men er ikke elektriker, så vet det ikke sikkert) og kobberteip.

Led lyset kjem frå vår sponsor Scrapomania. Resten handla eg på min lokale clas Olshon, men det finn du andre stader også.
Arkene jeg har brukt er fra Paper House, og blomstrene er WOC


Framgangsmåten for montering av LED finn du her

Trykker du på konfirmant, eller i nærheten så lyser mobilen. Stempel er Mo Manning.






Klem Anita

Papirlosjen utfordrer

Papirlosjen utfordrer med foto denne gang.

Ofte er det foto av babyer eller konfirmanter vi brukar, men eg har leika litt med roser og lys for å sjå om eg kunne ta bilder av meir generell art.

Blomstrane er WOC og Prima. Ellers har eg brukt litt fjøyr og bling til å pynte med.

Tekstempel kjem begge frå Kreatvie Hender Digis.

Sponsor denne månden er Japan Photo og utfordringa finn du her.








Klem anita