søndag 11. juni 2017

Stort herrekort

Eg har prøvd meg på eit kort til, som i storleik passar saman med det med rosene. . Men denne gangen er det eit litt meir maskulint kort.

Sommerfuglane kjem frå Tim Holts, det samme gjer den stilige herremannen på baksida.

Arka kjem frå Kaiser Kraft.



Når størrelsen på kortet er så stor, så har eg ikkje nokk ark til å pynte alle sidene, men restane brukar eg gjerne slik.






Klem Anita

torsdag 8. juni 2017

Ei lita rose

Feiringa held fram hos Papirlosjen, og eg vil feire med roser i dag.

Eg har laga ein del blomar i det siste, og ein av dei er denne rosa her. Den er enkel å lage, og tek ikkje så veldig lang tid.
Denne tek utgangspunkt i ein Panduro punch. Den er på 1,5" diameter.  Punchen kjem i sett på 3. Dei to største synes eg passar godt i lag, den minste brukar eg alltid for seg sjølv, for den er liten.

Viss du har ark som er ganske like på begge sider, kan du sverte kantanae i staden for å måle dei. Det blir veldig fine roser, som passar perfekt til prosjekta dine.

Eg brukar restepapir når eg lagar blomar, og sidan eg målar dei, så treng dei ikkje ha same farge.

Eit lite obs. Eg erfarer at punchane ikkje alltid er så glad i dei tjukkaste arka, som Bazil og Maja, så bruk helst litt tynnare ark.



Eg startar med å punche ut 5 like roseblad.


Så formar eg dei. 3 av dei blir forma likt, det er dei 3 underste på den ferdige rosa. Eg hadde ikkje noko spesialutstyr, men korken på ein roll-gell pen er rund og fin, og fungerer heilt greit til føremålet. 


Dei 2 siste "knip" eg, detter er dei to som skal vere i midten av rosa. 


Så malar eg dei på ei side, dei to som skal i midten, maler eg av og til på begge sider, men dei må malast på "undersida"
Her har eg først gjeve dei eit strøk blått, og så brukt den gull/grønne frå kanten og inn.  Malinga eg har brukt er frå Prima, men bruk noke du alt har i tinga dine. 

Her er dei to som skal bli til knopp limt saman, legg merke til at malinga er på utsida/undersida av desse blada, Det som er inne i midten vil ikkje syne når den er ferdig.


Her er det 3 blad limt på

4 blad.

 Og den siste. Pass på at dei ikkje kjem direkte over kvarandre, men "midt i mellom" den forje. Eg brukar også ein tynn redskap og "dyttar" litt hardt ned i botnen på rosa for å få ho til å forme seg litt meir. For å få det til må du ha ei slik svart matte under, eller noko anna som gjev etter ved trykk. 


Desse blada er diesa ut med ein Kort og Godt plate. Svert kantane litt før du limer dei på blomen. Eg passer også på at dei berre syner litt utforbi blomen. 


Det siste eg gjer, er å fylle litt lim ned i midten, og helle nedi nokre microperler.


Eg bruker Panduro Quick glue på slike blomar, for den tørkar raskt, men ikkje så raskt som limpistol.  Og eg får "lim over alt" når eg brukar limpistol på så små prosjekt.  Men bruk det du likar best. Men om limen brukar lang tid å tørke, så bør du lage fleire blomar om gangen, og late dei tørke mellom kvar liming. 


Vi har fremdeles bursdag hos Papirlosjen, og her er blomen brukt på eit bursdagskort til ein liten gut.  Eg er fremdeles fasinert av såpeboblene.  Stempelet er fra Mo Manning


Klem Anita






onsdag 7. juni 2017

Legends of the sea - del 2

Då er eg endeleg klar til å vise dei 2 siste korta eg laga med kortkittet frå Scrapomania

Eg legg ved bilde av det første kortet også, for å vise kor mykje du får ut av eit kort kitt.  Og eg har 2 ark, og ein neve pynt igjen.

Den pynten eg har lyst å trekke fram, er eit band av hamp. Det kunne eg trekke og dra i, på same måte som osteduk, og kan difor lage flotte underlag til blomar, eller noko som likna på fiskegarn.

3 kort, og ark nokk til eit til, er ein super start om du vil begynne med kortlaging. Eller berre trenger inspirasjon til å komme igang igjen.  Kort kitt finn du her: Scrapomania.



 Eg begynte med det andre kortet, dette er laga med ark-restane etter det. 
 Her ser du hampen under dei nederste blomane, og noke av den klipte eg i stykker og stakk nedi øverst.

 Tutorialen til dette kortet finn du her: Twist pop up card, by Maymay.

 Baksida

Her er det første kortet eg laga. 
Dette er standard 15*15 kort, pynta på alle sider.  Informasjon om kortet og fleire bilder finn du her: Legends of the sea

Eg gløymde å ta bilete før eg starta, men her er det som var igjen etter at første kort var laga. 


Klem Anita


mandag 5. juni 2017

Papirlosjen er 3 år!

Og vi liker å feire, vi liker veldig godt å feire. Så då blir det bursdagsfeiring.

Sidan vi er jubilantar, så skal vi også gi bort litt gaver. Alle DT-ene skal gi bort kvar sin RAK.  Gledar meg ein heil masse til å  kike på alle bidraga, som forhåpentleg vis kjem.

Denne gangen er det eit bilde ein skal hente inspirasjon ut i frå.
Men du må innom Papirslojsen for å sjå det ;)

Eg har laga eit bursdagskort utan motiv denne gangen.

Blomstrane har eg laga sjølv, og eg skal vise korleis eg gjer det litt seinare denne månaden.




Insida fekk berre pynt på eine delen, då størrelsen på kortet er så stor, at eit mønsterark ikkje kan delast på fleire en 2 sider. 

Baksida fekk restar av mønserakra, det eine snudd opp ned, og eit par sommarfuglar.


Klem Anita


torsdag 1. juni 2017

Bryllup hos Papirplaneten

Utfordringa i Juni hos Papirplaneten er Bryllup og bruk blonde / bånd.

Eg er så fornøgd med Kort og Godt sitt stempel, synes det er eit nydeleg brudepar. Her har eg farga det med Promarkers i brun tonar og sett det på puter.

Litt bling i form av hjarter, 3 heimelaga blomar og eg var i boks. Til brudeparet er stempla rett på papiret med Archival Ink, ei stempelpute eg synes er uovertruffen til tekst stempel.

Litt blonder måtte med.
Arka kjem frå Kaiserkraft Mademoiselle kolleksjonen.

Bilda er tatt, liggande på magen i graset, kl. 21:30 om kvelden. Sola var fremdeles på fjell toppane, så det var eit godt lys ute.






Klem Anita

mandag 29. mai 2017

Legends of the sea - kortkitt mai frå Scrapomania

Det er ikkje farlig å vere del av Papirlosjen sitt design team, når ein av hovedsponsorane er Scrapomania.

Måndens kortkitt for mai dukka opp i min postkasse for 9 dagar sidan, og tankane har gått under høgtrykk for å finne på noko orginalt å vise fram.

Kortkittet er laga på ein slik måte, at du kan lage ferdig minst 3 kort, med fleire ark og ein del pynt, inklusive motiv. Men, og her er mitt dilemma, eg har ikkje lyst å gjere det som er mest "logisk" eller enklast. Så Tankeprosessen er ferdig med 3 kort, men noken har stukke av med nokre av kveldstimane mine, så eg er kun ferdig med det første. Dei neste to kjem i løpet av et par dagar!


Etter å ha kikka på arka ei stund, velde eg ut det eg ville bruke som kjole, på dette kortet. Og velde resten ut i frå det. Blomane på kjolen er restar etter panela på kortet, og ja eg har panel på alle 4 sidene. Eg har brukt ei lita rad perler, og nokre små perler i blomane på kjolen frå eige utstyr, samt lim og tape. Resten fylde med i kittet.

Du har sikkert høyrt det før, men står du litt fast i scrappinga, og lurer på kva du skal prøve deg på, så er eit slikt kitt, ein super starthjelp, for her er med det du treng. Og om du lurer på om kortlaging er noke for deg, så treng du berre lim og saks utanom, og du er i gang.

Månadskittet finn du her: Kit- Prosjekt- Kort - PL




Klem Anita

søndag 28. mai 2017

Lacy sunshine

Eg må berre sei at eg diggar navnet på sponsoren til Papirlosjen denne gang, Lacy Sunshine, og ikkje minst tema som er blomar. Det kan aldri bli for mye blomar!

Akkurat no er det for varmt til å sitte ute i sola, så jeg kosar meg ved hobbybordet, med eit nydelig motiv, og nokre lekre ark.

Arka kjem fra Kaiser Kraft - Mademoiselle, og Joy Kraft - baby paper blokk. Blomane er heimelaga, alle utanom ei lita rose fra Panduro. Ellers har eg brukt rester av ark i ulike lillatonar som passa til motivet.
Dei store rosene er laga med en 1,5" punch fra Panduro, og blad fra Kort og Godt dies. Dei små blomane er laga med en dies fra Kort og godt. Gratulerer er fra Papirdesign.

Motivet Twirlberry's flower, er fargelagt med de fleste av mine Copic, eg har ikke så mange, men eg har fargene: lilla, grøn og "hud".  Det gule er Promarker. Litt glitter på motivet for å få det til å "poppe" litt ekstra.


Du har forsatt nokre få dager igjen av utfordringen hos Papirlosjen, så hiv deg rundt. Det kan ikke bli enklere en blomster!

Og til dokke som faktisk leser bloggen min, eg har ikkje blogga sidan byrjinga av april, då eg har hatt det litt for travelt, og ikkje "orka/prioriterte" å blogge. Eg er så heldig å få selje kort på den lokale hobbybutikken, og konfirmasjons kort er det eg sel mest av, så i tillegg til å ha konfirmant sjølv i år, så har det vore stor produksjon av konfirmasjons kort.

Noke av grunnen til manglande blogging er at det er ganske krevjande å gå rundt å hugse på kva ark eg har brukt, og kva fargen på tusjane var. Så eg har tenkt at eg kansje heller skal begynne å skrive litt meir personleg, og litt mindre fakta på bloggen. Vi får sjå. Tusen takk for at du tok deg tid til å kike innom i dag, og legg gjerne igjen ein komentar eller fem :)



Klem Anita