mandag 28. april 2014

2 kort til

Som eg skreiv i forje innlegg så fekk eg bestilling på to toffe øskjer og 2 kort.  Øsjene presenterte eg der, og jepp her kjem korta. Det er ikkje enkelt å lage kort på bestilling når ein ikkje heilt veit kven som er mottakar, men håpar dei var nøytrale nokk til å dekke behovet til bestillar.  Å lage kort utan stempel eg kan fargelegge, er ei utfordring for meg, og eg likar den typen utfordringa, håpet er at eg utviklar meg litt for kvar gong eg må prøve meg 

Her har eg brukt andre ark, og med min dårlege husk har eg ingen aning kor dei er i frå. 
Den store blomsten og dei ferskenfarga er heimelaga. Bling og band er stort sett i fra Ebay og Kuttut, men veit at du kan få noko av det på Bokuben. 


Tim Holts sin dise gjer seg alltid som bakgrunn. Og sommerfuglen fra Panduro er ikkje så verst den heller. 

 Her har eg brukt alle dei 3 blomane som er i settet til pollenbærarane eg likar så godt.  Dei kvite med "frynser" og dei grøne som blir brukt til "fyll" mellom dei andre blomane. 
Klem fra Anita

lørdag 26. april 2014

Graphic 45

Vi er så heldige at den lokale hobbybutikken tek inn det meste av det du ynskjer kjøpe, så sant dei kan få skaffe det.  
Ein dag stod eg i butikken og holdt ei graphic 45 blokk i handa, stridt dyr, men hjelpe meg kor fin den var. Hadde sett den på nett og bedt Inger Anne (Bokuben) ta den inn til meg, og angra ikkje eit sekund, og har no bedt ho ta inn ei til, for blokka mi er nesten tom.  :)

Når eg får nye ark i nevane, sit eg å stryk over dei, blar i dei og kosar meg, med eit stort smil om munnen.  Det arket var nydeleg, og det arket var nydeleg, og det arket var berre rålækkert. Kan vere eg er litt annaleis, men tippar dei fleste som driv med kort har det litt på same måten når dei får nye ark i hus. 

Og så kom Nachaya på besøk, med bestilling av 2 toffeøyskjer og 2 bursdagskort for ei veninne, Det einaste eg hadde å gå på var at det var til vaksne. Erfaringsmessig så sel eg mest kort som er beregna til damer, så eg tok sjangsen på å la dei vere i ein litt feminin stil, men sidan eg ikkje ante alder eller kva dei skulle brukast til, var dei litt nøytrale. 

Her er Toffe øskjene eg laga, med mine nye ark :)


Desse grøne/kvite pollenbærarane, er berre kjempefine (bokuben). Dei rosa blingringane er egentleg berekna til bordpynt, men eg tykkjer dei gjer seg svært godt på kort.  Fuglane er også fra same blokka med ark. :)



Den store blomsten er heimelage ved hjelp av 2 punshar (sett på 3- Panduro) Blondene er også kjøpt på Bokuben. 



Klem Anita


torsdag 24. april 2014

Baybkort

Det er på høg tid eg får opp tempo på blogginga mi, har ein masse bilder liggande klare, men så var det det med å sette seg ned å skrive då.

I dag trur eg at eg vil vise dokke eit kort eg laga for ei tid tilbake, var med i ein konkurranse på papirdokkene.com med det, men gløymte av ein frist, og vart ikkje med særleg mykje vidare. 

Uansett, posekort er noko er verkeleg likar å lage, dei har ein anna fasong en dei tradisjonelle korta, og kan difor pyntast på ein annan måte.  Eg skal til å lage konfirmasjonskort i den og andre stilar no. 

Oppgåva var ei fargeoppgåve: 

Eg må seie eg tykte eg løyste den godt, mangla kansje litt av den varmaste brune, men var veldig fornøgd med kortet. 
Posen - Panduro (24 i pakken), Blonder og perler - Ebay - Stempel - Mo manning. Ms - kantpuncher, Marianne Dise bak stempelet, og Magnolia dise til å dra utt instikket med. 
Det er på innstikket du finn skrivefeltet. 



Håpar du likte kortet, og kansje fekk litt inspirasjon til å prøve noko liknande. 
Klem Anita

søndag 6. april 2014

Konfirmasjon

Eg produserer kort og andre ting, men har vore frykteleg dårleg på blogging i det siste.  Er litt flau over å kunn ha publisert eit inlegg i mars. 

No er produksjonen av konfirmasjonskort i gang. Og for dokke som ikkje lagar kort sjølv, så kan dei kjøpast på Bokuben til kr. 65,- , 85,- for dei som er større eller spesielle.   Eg tek sjølvsagt imot bestillingar om du har eigne ysnkjer. 

Her er litt av det eg har laga i det siste. 





Klem Anita

mandag 10. mars 2014

Enda et baykort.

Er litt sein av meg, men no har eg endeleg fått summa meg til å legge ut eit kort for Papirplaneten igjen. 
Pose babykort er min favoritt for tida. 

Sommerfuglen er ein Nellie Snellen Exotic Butterflies,  Bladene er Marianne design Blader, Bak babyen finner du Spelbinders Floral Ovals. 
Ellers er det brukt  Ms border punch, Magnolia tag, og Panduro punch (dasy trur eg). Stempelet er digitalt fra Mo manning,  og farga med Promarker. 




Taggen 

Klem Anita

søndag 23. februar 2014

Kortet som ble brukt.

Siden det kortet jeg opprinnelig laget var litt feil, laget jeg et til. Nå er bursdagen vel overstått og jeg kan vise hva jeg laget. 
"Servietten" bakk motivet er eit stempel jeg har klippet ut og limt ein gammel blondekant rundt. 
Ellers har jeg brukt noe gammel metalpynt kjøpt på salg for 1,5 år siden, blomster fra woc og diverse perler.  Engelen er farget med promarker, og digital. Den heter gift of winter - og kommer fra craftsandme.co.uk
Pyntearkene er gamle. Kartongen er Basil. 






 Sommerfugler fra klippeark

Masse stemplet blomster rundt skrivefeltet. 
Klem Anita


mandag 17. februar 2014

Til en dame

Å lage kort til godt voksne damer er en utfordring. Jeg har ingen gode stempel å fargelegge, og føler de fleste av dei basarer seg på humor. Og då kan ein lett trakke feil. Dette er mitt 2 forsøk, det første vart eg ikkje fornøgd med, men eg skal prøve igjen, ideen var god, men utføringa feila litt. Mitt 3. forsøk er det som vert brukt, då eg fekk tilbakemelding om at mottakar er svært sterk motstandar av all form for alkohol, så dette kan ikkje nyttast. . 

Blomane er laga med ein Panduro punsh. Du får den i pakker a 3 punsher der eg har bruk  dei 2 størte * 2 for å lage desse blomane. (trur dei er "pass på" tilbud, no og dei er vel verdt pengane. )  "servietten" i bakgrunnen er eit stempel fra Papermania, Urban Stamps serien, og eg meiner det heter Vintage Notes. 


Disene er (Matrices de couple) - Xcut, dei er bestilt inn spesielt til meg, og er del av ei større plate, med "dame" diser.  (vesker, skor, sløyfer, diamant, mm.)  







 Klem Anita