søndag 3. mai 2015

Brylaupskort

Den sesongen er også like rundt hjørnet, og papirplaneten har ein konkurranse gåande med akkurat bryllaup som tema.

Har lyst å vise fram kortet eg laga som inspirasjon til den utfordringa, og oppfordre til å henge seg på. 





Klem Anita

lørdag 2. mai 2015

Påan igjen!

Konfirmasjonstid er virkelig tid for kort, masser av kort. 

Heldige meg får lov å lage mange av disse korta, og i dag er det eit gutekort med mykje "stasj", maling og metall som står for tur. 


Kortet starta enkelt med eit motiv og eit todelt panel på framsida, høgre og venstre side har ulik bakgrunn. I tillegg hadde eg kjempeflaks med sola då eg tok bilde, så fekk fram detaljane på ein super måte. 

Stempel er KennyK, ark er rester, stjerner er stansa ut, de samme er tanhjul. Dei tre stavane øvers har vore festa på eit klesplagg, og kjeden er også frå ungane. 

Melder denne på her: Card and scrap



Klem Anita

torsdag 30. april 2015

For Barnemix


Eg har fått eit motiv frå Ppinkydolls å leike med

Desse jentene er veldig søte, og litt sære, og veldig veldig kjekke å arbeide med.

Mitt kort blei slik:

Fleire kort med disse søte motiva finn du her: barnemix.no

Klem Anita

mandag 6. april 2015

Konfiramsjon

Konfirmasjonskort, igjen?  Vert mykje av dei frå meg for tida, er sesong for den typen kort her på Vestlandet. Papirplaneten har ei ny utfordring ute å går, med tema, ja nettopp, konfirmasjon. 

For dei som har kikka innom bloggen min i det siste, så har de nok fått med dokke at eg har vore ivrig på utfordringane til Ett Trykk - 29 i talet.  Det var mykje fokus på ulike teknikkar henta frå magasinet si 10 år lange historie.   

Dette er eit smettekoart, laga på mal etter bladet.  Enkelt og veldig stilig. 
Anbefaler alle å ta vere med i Papirplaneten utfordring denne månaden. 



Klem Anita

søndag 5. april 2015

Romeo

Eg er så heldig å få nokre fantastiske stempel som DT for Barnemix.no
Romeo fra KennyK er eit av dei.  Denne herremannen er litt utanfor det eg normalt lager, ikkje desto meir utfordrande. 

Meir detaljar finn på under linken til Barnemix.

Klem Anita

søndag 29. mars 2015

Ett Trykk Jubelerer 29

Følge ein mal fra Ett Trykk 4/2014  er utgangspunktet for utfordringa.

Då bladet kom ut laga mi veninne Inger Anne eit par av desse øsjene, og dei vart nydelege. Eg hadde andre ting på planen på den tid, og gløymde heilt disse flotte gave øsjene. Men no har eg og prøvd, og dei var ikkje spesielt vanskeleg.


Ark, bassil og Dried flowers fra SandyLion. 
Stempel The Paper Shelter  - My fantasy pet. fargelagt med promarker,  Blomster WOC

Denne skal med i - Ett Trykk Jubileums utfordring  29




Klem Anita

Ett Trykk Jubelerer 27 - embossing

Embossing er noko eg gjer ca. 2 ganger i året, som regel i forbindelse med noko ny julepynt eg har funne på nettet ein stad. 


Men ei veninne Siri  lagar nokre tøffe konfirmasjons motiv der ho fargelegg bakgrunnen med promarker og stempler med svart over, eit eksempel ser du her.  Eg har lenge tenkt eg skulle prøve dette, og det passa supert til embossing. 

No tykjer eg at stempelet Siri har er tøffar en mitt, og at eg nok skulle hatt svart embossingpulver, men vart no ikkje "so ryse gale" med sølv heller. 

Konfirmat kjem frå Kort og Godt, og har fått blank embossingpulver på. 

Legg denne inn i Ett Trykk jubileumsutfrodring 27







Klem Anita