mandag 29. mai 2017

Legends of the sea - kortkitt mai frå Scrapomania

Det er ikkje farlig å vere del av Papirlosjen sitt design team, når ein av hovedsponsorane er Scrapomania.

Måndens kortkitt for mai dukka opp i min postkasse for 9 dagar sidan, og tankane har gått under høgtrykk for å finne på noko orginalt å vise fram.

Kortkittet er laga på ein slik måte, at du kan lage ferdig minst 3 kort, med fleire ark og ein del pynt, inklusive motiv. Men, og her er mitt dilemma, eg har ikkje lyst å gjere det som er mest "logisk" eller enklast. Så Tankeprosessen er ferdig med 3 kort, men noken har stukke av med nokre av kveldstimane mine, så eg er kun ferdig med det første. Dei neste to kjem i løpet av et par dagar!


Etter å ha kikka på arka ei stund, velde eg ut det eg ville bruke som kjole, på dette kortet. Og velde resten ut i frå det. Blomane på kjolen er restar etter panela på kortet, og ja eg har panel på alle 4 sidene. Eg har brukt ei lita rad perler, og nokre små perler i blomane på kjolen frå eige utstyr, samt lim og tape. Resten fylde med i kittet.

Du har sikkert høyrt det før, men står du litt fast i scrappinga, og lurer på kva du skal prøve deg på, så er eit slikt kitt, ein super starthjelp, for her er med det du treng. Og om du lurer på om kortlaging er noke for deg, så treng du berre lim og saks utanom, og du er i gang.

Månadskittet finn du her: Kit- Prosjekt- Kort - PL




Klem Anita

søndag 28. mai 2017

Lacy sunshine

Eg må berre sei at eg diggar navnet på sponsoren til Papirlosjen denne gang, Lacy Sunshine, og ikkje minst tema som er blomar. Det kan aldri bli for mye blomar!

Akkurat no er det for varmt til å sitte ute i sola, så jeg kosar meg ved hobbybordet, med eit nydelig motiv, og nokre lekre ark.

Arka kjem fra Kaiser Kraft - Mademoiselle, og Joy Kraft - baby paper blokk. Blomane er heimelaga, alle utanom ei lita rose fra Panduro. Ellers har eg brukt rester av ark i ulike lillatonar som passa til motivet.
Dei store rosene er laga med en 1,5" punch fra Panduro, og blad fra Kort og Godt dies. Dei små blomane er laga med en dies fra Kort og godt. Gratulerer er fra Papirdesign.

Motivet Twirlberry's flower, er fargelagt med de fleste av mine Copic, eg har ikke så mange, men eg har fargene: lilla, grøn og "hud".  Det gule er Promarker. Litt glitter på motivet for å få det til å "poppe" litt ekstra.


Du har forsatt nokre få dager igjen av utfordringen hos Papirlosjen, så hiv deg rundt. Det kan ikke bli enklere en blomster!

Og til dokke som faktisk leser bloggen min, eg har ikkje blogga sidan byrjinga av april, då eg har hatt det litt for travelt, og ikkje "orka/prioriterte" å blogge. Eg er så heldig å få selje kort på den lokale hobbybutikken, og konfirmasjons kort er det eg sel mest av, så i tillegg til å ha konfirmant sjølv i år, så har det vore stor produksjon av konfirmasjons kort.

Noke av grunnen til manglande blogging er at det er ganske krevjande å gå rundt å hugse på kva ark eg har brukt, og kva fargen på tusjane var. Så eg har tenkt at eg kansje heller skal begynne å skrive litt meir personleg, og litt mindre fakta på bloggen. Vi får sjå. Tusen takk for at du tok deg tid til å kike innom i dag, og legg gjerne igjen ein komentar eller fem :)



Klem Anita

fredag 7. april 2017

Vår hos Papirplaneten

For meg har vår betydd konfirmasjon dei siste åra. Eg er så heldig å få selge litt konfirmasjonskort, både på bestilling, og på Bokuben/Panduro, så det går mykje i konfirmasjon for meg på denne tid.

I år har eg konfirmat sjølv også, så då blir det ekstra mykje "papir-arbeid" som har konfirmasjon som tema.

Stempelet er Simply Betty, blomane er Prima, Papirdesign og WOC.
Litt gammalt gardin, ein Chery Lynn dies og ark frå Pion.
Stempelet er farga med Promarker.

Utfordringa hos Papirplaneten er våren.




Klem Anita

torsdag 6. april 2017

Konfirmasjon med ledlys

Alle som kjenner meg veit at jeg er særs glad i utfordringer, så når Monica kom å sa at vi skulle få noen dioder fra Scrapomania, var jeg ikke så veldig vanskelig å be.

For å få det til å lyse treng du en led-lys, et batteri 3v (tror det funger med hvilket som helst 3v batteri, men er ikke elektriker, så vet det ikke sikkert) og kobberteip.

Led lyset kjem frå vår sponsor Scrapomania. Resten handla eg på min lokale clas Olshon, men det finn du andre stader også.
Arkene jeg har brukt er fra Paper House, og blomstrene er WOC


Framgangsmåten for montering av LED finn du her

Trykker du på konfirmant, eller i nærheten så lyser mobilen. Stempel er Mo Manning.






Klem Anita

Papirlosjen utfordrer

Papirlosjen utfordrer med foto denne gang.

Ofte er det foto av babyer eller konfirmanter vi brukar, men eg har leika litt med roser og lys for å sjå om eg kunne ta bilder av meir generell art.

Blomstrane er WOC og Prima. Ellers har eg brukt litt fjøyr og bling til å pynte med.

Tekstempel kjem begge frå Kreatvie Hender Digis.

Sponsor denne månden er Japan Photo og utfordringa finn du her.








Klem anita




fredag 31. mars 2017

Konfirmasjon, konfirmasjon, konfirmasjon

Det er den tida på året igjen, og eg lager kort.  Har kosa meg masse med det i det siste, og her kjem eit lite bilde-ras.

Blogging har vorte nedprioritet pga. tidsmangel, så denne gangen blir det kun bilder, ingen fornuftig informasjon.

Setmpel KennyK


Denne må eg sei noke om. Eg laga kortet, utan pynt fo 2 år sidan, men stod heilt fast pga. det "rotetet" mønsteret. Eg fant fram litt papirtape i farger som passa og litt prima maling kjøpt på Fantasi på Sandane, og vips, eit resultat eg kan stå inne for. 
Stempel- ukjent (den delen av minnet er avgått med døden, eller har tatt ferie)


Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith


Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith

Dette arket finn du på Bokuben/Panduro Førde, og blingen er noke Europris har som rull for bordpynt. 
Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith

 Stempel: Saturated Kanary/Krista Smith

Klem Anita

Utfordring akseptert.

Ei flott dame som heiter Elisabeth Hatlen, sendte meg ei utfordring for.... 1 år sidan. Det var med andre ord på høg tid å akseptere den.

Ho sendte meg 1 PL ark med lommer, og en liten bunke kort.

Eg har valgt å lage ei side med bilder av ein foto-tur eg og minstejenta var på. No har ho feira bursdag, og ei av gåvene hennar var mitt gamle kamera. Ei veldig lykkeleg lita jente, so er klar for nye foto-turar kvar dag som helst.

Eg ser ikkje heilt føre meg at eg er ei PL-jente, men eg diggar utfordringar, og eg er veldig glad i å prøve nye ting.



Klem Anita