fredag 19. oktober 2012

Min shabby oppgåve

Eg har teke eit dykk i restekassa. og skore ark i 3 ulike fasonger 3*3 ark. Måla vart slik dei vart, ut i frå storleiken på arket i utgangspunktet. 

Eg har brukt framgangsmåten vi lærte på kurset. 
Sidan eg ikkje har Tim Holtz disen (klokka), endå, så har eg skore ut ei krone bak motivet.  Eg gløymde fjøyra, men ellers skal detaljane vere til stades.  

Magnoliane er farga med Tan, Putty og Almond på klær, eg er spesielt fornøgd med at eg fekk eine delen av kjolen til å sjå "gjennomsiktig ut"  Det er ei stund sidan eg farga desse, så teknikken ellers har nok forbetra seg noke sidan eg laga dei. 

Den kvite blomsten er ein Marianne dise, laga i kaffifilter (likar kvitfargen og teksturen) Dei rosa blomstrane er WOC og dei små kvite fekk eg i gåve. 

På innsida har eg igjen krona - ein spelbinder dise som kjem i et sett på 3, der denne er den største.  Arket bakom er eit magnolia ark som eg likar veldig godt, og berre hadde denne biten igjen..

Om nokon lurte. Ja alt er farga med gesso. Ein kan like gjerne bruke den kvite malingen ein får på Europris, men eg hadde gesso i hus og bruker derfor den.  

Fargen på bilda vart litt blå, då eg akkruatt så vidt rakk dagslyset i dag. men er likevel mir fornøgde med den en dei eg tek inne. 





Denne detaljen er til Anja :) 




Klem Anita




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar