tirsdag 16. oktober 2012

Oppgåve vintage

I forbindelse med kurset her i Førde fekk eg 4 utfordringar av Anja. 

Her er mi løysing av utfordringa : " lag eit vintage bilde, og bruk denne (ein pyntestein, med gullkant) Du skal sverte den med den stasonputa du har."  Puta mi er heldigvis brun, men ser den gjer eit noko raud skjen når det er tynt lag på blankt metall/glass/plast. 

Eg har kosa meg med sterk kaffi, og ungane har kosa seg med sterk kaffe. Dei stansa ut sommarfuglar og hjerter og styra fælt med masse ark.. Det Brune arket inni kortet er det sonen min som har laga, og putta i kaffi. Eg strødde berre litt ekstra på. 

I tilleg til pyntesteinen, har ein blomst også fått seg ein omgang med stason puta. Den ser litt blankare ut på bilete en i virkeligheten. 
Frimerka fekk seg og ein tur i kaffi, men dei trekte dårleg, så eg strødde litt oppå, men effekten var ikkje så veldig stor.  

Julenissane har selvfølgelig også fått ei runde i kaffien. Det var nokre nissar eg i utganspunktet ikkje trudde eg kom til å bruke, men hadde teke vare på til ungane. Dei vart veldig mykje finare etter den behandlinga.

Kortet er ellers bygd opp slik vi gjorde det på kurset.  og fått seg ein liten dusj med glimmermist Golden terracotta.  Men gold står på min "MÅ HA" liste, så eg skal sjekke med Bokuben i morgon. 
I tilleg må eg nok ha meg ein ny stiftemaskin, for den eg har trur eg er utsleta. 

Det er ein svung på God Jul banneren, men den syns ikkje på bildet. 

Alt i alt er eg ikkje missnøgd med kortet, ser eg har litt å gå på, men med litt trening, kan eg begynne å bygge dei opp etter eigen mal, og ikkje berre sjå etter andre. 

I morgon skal eg enten søle med kvitmaling, eller fargelegge mykje. (husarbeidet går ingen stad)







Klem Anita



1 kommentar:

  1. Ja ditta va flott og brunt :)
    Det luktar øje godt i rommet, når ein held på med kaffi *dupp.

    SvarSlett