torsdag 31. mars 2016

Tags med KennyK

I februar hadde KennyK nokre freebees som eg virkelig likte,  eg har laga tags av disse.
Å lage tag er ein fin måte å få brukt opp restepapir eller anna papir du ikkje likar lenger.

Sjølve tagane er laga av baksida på nokre mønsterark eg grua meg til å ta tak i, då dei har så mykje mønster i mange fargar, Eg brukar akrylmaling/gesso på dei, og så legg eg på ein masse små diecuts som eg har liggande i ei resteøskje. Disse blir "limt" på ved bruk av gesso, og lagar ein svakt nyansert bakgrunn, både med dimensjon og fargenyanse.

KennyK har flytta utfordringane sine over til FB, noke som gjer det veldig enkelt å vere med, også for dei som ikkje har blogg.  Du finner dei her:  ClubKennyK





Klem Anita

1 kommentar: