torsdag 7. juli 2016

Boks til tørkeservietter.

Vel, eg trudde eg hadde posta siste mixed media prosjektet eg posta på ei stund, men so feil kan ein ta,

No er endeleg boksen eg ville lage, ferdig også. Den er bygd opp av embalasje, rundt ei ekse med servietter/lommetrøkler.
Det var litt plundrete å få den i heilt rett størrelse, for meininga er at ein skal kunne byte ut boksen som står inni når den er tom, så ikkje for laus og ikkje for trang var utgangspunktet.

Boksen vart dekka til med mønsterpapir på sidene og under, for å sikre at eg fekk god hefting på det eg skulle lime på. Den er grunna med kvit, og måla og spraya i fleire lag.

Føtene er trehjerter som er berekna som bordpynt. Desse for å ungå at boksen trekker vatten om ein sølar litt.

Eg har tekje utgangspunkt i favorittfargane til mottakar. Rosa og Gul, men gul blei omgjordt til gull.






1 kommentar:

  1. Kjempeflott boks ! Har laga noen av disse. Først som en eske du åpnet i siden og så uten bunn. Bare til å tre nedpå ! Klem ;)

    SvarSlett