fredag 22. juli 2016

Kreative Hender

Seint i går kveld fekk eg ei gladnyheit, Vi i Papirlosjen får lov å boltre oss med nokre knallfine stempel frå Kreative Hender. Et sit forsatt å smiler.

Gitte Garvik som driv Kreative Hender, har tidlegare hatt nettbutikk med gummistempel. Det er ho no slutta med, og konsentrerer seg i staden om Digitale Stempel, noke eg tykjer er storveges.

Dei fyrste eg vil presentere er nokre tekststempel, og berre for å ha sagt det, tekststempel er ikkje mi sterkaste side, men eg har lenge hatt lyst å utfordre meg sjølv til å lage kort utan bilete som hovedmotiv.
Desse tekstane inbyr ikkje til overlessa romantiske kort med haugar av blomar, så eg har laga ein liten serie på 4 kort i ein meir CAS stil.

Tekstane får du som digitale stempel, og kan skrive dei ut sjølv.  Arka er Bazzill og mønsterark frå Joy Craft.







Klem Anita

4 kommentarer: