mandag 5. september 2016

Bursdag.

Septemberutfordringa hos Papirlosjen startar i dag, og til og med "kort damene" treng bursdagskort, så temaet denne gongen er nettopp Bursdag.

Sponsorar denne gongen er Star Stampz og Wycinanka. Chipbords fra Wycinanka har vel dei fleste brukt ein del av det siste året, og for oss som fargelegg er Star Stampz ein flott leverandør av digitale stempel. 

Papir er bazzil og Prima, blomster er WOC. Eg har også brukt nokre diser til å lage tags og filmstripe. Bildet på innsida er ein Toppers.
Jenta er fargelagt med Promarkers. Fargen på rosa valgte ei venninne for meg, kjolen gav seg sjølv ut frå fargen på rosa.  Eit lite tips når ein fargelegg, og lurer på kva farge ein ynskjer å velge. Ta fram fargehjulet, velg fargar som for eksempel står overfor kvarandre, då blir det bra.
Litt ekstra glitter her og der. Hjerta frå Wycinanka hang saman med ein konvolutt, men eg fekk ikkje til å bruke det, så eg klypte dei frå kvarandre. Konvolutten har eg teke vare på, og skal bruke ved seinare høve.  My sweet rose heiter stempelet. 





Klem Anita

2 kommentarer:

  1. Nydelig! Vakkert fargelagt og fine detaljer! Klem ;)

    SvarSlett
  2. Så søtt motiv og fine farger du har brukt her.
    Klem Heidi:)

    SvarSlett