Eg har laga ein pose, eit lite minialbumm og ein tag. Og kva eg vart mest fornøgd med? Tagen. Motiva er Toppers frå Dixie Craft, og i kvar pakke kjem eit ark som viser kva som er inni. Tre av desse små firkantane kunne eg bruke som motiv, så dei er klypte ut og brukt på tagen.
God jul er skore ut med ein dise frå KaBoks. Trur eg måtte kjøpe tekst og skugge kvar for seg, så det vart litt dyrt, men den er veldig fin og mykje brukt. Stjernene er skore ut med ein Marianne Design dise som er del av et sett med embossingplate.
Den romantiske snøkrystallen på posen er frå Xcut. Ellers så har eg brukt Tim Holts - Wildflowers og Hollyday greens. Blomane er frå Papirdesign og Wild Orchid Craft. Tekst er skrive ut på pc.
For dei som bur i Førde, så står dette i utstilling på Bokuben (Panduro) og ho har heilt sikkert fleire blokker igjen :)
Det kjem julekort også, sånn om litt... Trur eg :)
Klem Anita