Nydelige ark og nydelige stempel, ein uslåeleg kombinasjon.
Arka kjem frå ei Marianne design blokk - Mixed Media, Pastel. Og stempelet kjem frå All dressed up, som er sponsor for Papirlosjen i november. Så har du lyst på stempel frå dei, er det berre å hive seg rundt å bli med på utfordringa vår, som denne gangen lyder: Metall.
For eit par år sidan hadde Et Trykk ei rekke utfordringar basert på "gamle" teknikkar, der var bladgull med, og eg gjekk til inkjøp av nettopp bladgull. Eg er ikkje heilt fortruleg med bladgull, det er tynt, det er lett og det er vanskeleg å arbeide med, så det går lenge mellom kvar gong eg prøver.
Då eg arbeidde med dette motivet, fekk eg idear i hovudet om vind, lauv og fjøyr. Eg såg føre meg sener frå filmane om Tinker Bell. Å gjenskape den følesen i eit kort var ikkje heilt lett, men eg har forsøkt ved å bruke tyll, og kvite fjøyr, Motivet er på dobble puter for å få rikeleg høgde, slik at ho "svevar"
Klem Anita
Åååå, så vakkert! Nydelig arbeid..!! ;)
SvarSlettEit søtt kort. Bladgull har eg aldri prøvd. Ein lekker detalj, men eg trur eg berre nyter å sjå andre bruke det :)
SvarSlett