Eg er vel av og til ein av dei treigaste, når det gjeld å poste på eigen blogg, det eg legg inn i utfordringsbloggane. Men her er årets første julekort, det er laga til Papirplanetens Novemberutfordring som lyder: Jul i blått, kvitt og sølv.
Arka er frå ei "gammal" Panduro blokk, 6*6, der var berre 2 av kart mønster, derfor er innsida i eit anna ark. Den "grå" kartongen er i sølv, det same er God Jul. Den disen kjem frå Kort og Godt.
Den romantiske tagen bak er en Marianne Dise som du fin hos Papirplaneten.
Stempelet er også Kort og Godt. "Sølvkulene" er isoporkuler kjøpt på Nille. Blomane er Kort og Godt.
Klem Anita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar