Eg er forelska - i eit stempel - eit til og frå stempel.
Trur eg har brukt det 30 ganger til no, og det ligg ferdig utskrive til å bli brukt igjen. :)
Kva stempel eg snakkar om? Stempelet Digi111 "Til og Fra".
Eg har ein del restar etter julekort produksjon, og disse er perfekte til mitt føremål. Eg har skrive ut stempelet i ca. 12*6 cm, ganske stort med andre ord. Du kan sjølvsagt skrive det ut i den storleik du ynskjer, og denne passar perfekt til litt småpynting, med restar etter produksjonen i adventstida.
Eg har planar om å skrive det ut litt større, og lage pakkelapper til ellers i året, til dei pakkane eg ikkje vil ha eit stort kort med på.
Ein kan gjere det enkelt, som med ugla, den har kun fått litt glitter lim, eller avansert som med juletreet. Eit band som passar til, og du har ein unik pakkelapp.
"Gadd" ikkje ta fleire bilder etter at eg tok dette, og no er ein del av lappane komen på pakkar.
Klem Anita
torsdag 22. desember 2016
mandag 19. desember 2016
Tenn et lys
Tenn et lys, vi syng det mange, mange gonger i desember.
Et tykjer det er veldig kjekt at fyrstikkene eg skal bruke også er julepynta. Blir litt glad kvar gong eg skal bruke dei.
Og dei er kjempefine til venninnegave, eller som den lisje tingen du ville ha ekstra. Eller ei "berre fordi" merksemd.
På så små prosjekt, treng ein ikkje store mengder pynt før det ser bra ut. Dei må også vere funksjonelle, etter at dei er utsett for kreativiteten min. Men det betyr ikkje at pynten må vere flat, store blomar fungerer kjempefint, i allefall disse nydelige margrettane frå Wild Orchid Craft.
Sidan øskja ikkje er så mykje over 6*12 cm, så er det ikkje så mykje papir som skal til heller.
På bilete nr. 2 har mor mi laga omlag halvparten av øskjene.
Hugs å nyte litt av adventstida også. Ein god kopp kaffi er aldri feil!

torsdag 15. desember 2016
Mal på et brettet kort.
Fekk spørsmål om denne teknikken, og klarte ikkje å finne nokon link, sidan eg egentlig ikkje hugsar kva navn dette kortet har. Berre for å ha understreka det, det er ikkje eg som har komme fram til denne, men den har florert så lenge på nettett, at eg ikkje veit kor eg skal leite for å finne fram til orginalen. Eg veit heller ikkje om eg gjer det heilt slik det orginalt vart gjordt.
Sidan FB er ein dåleg plass å skrive lange tekstar med forklaringar legg eg det inn her.
Du begynner med eit ark på 30*30 cm.. Det betyr at du må skjere/klyppe vekk 0,5 cm frå sidene. Du treng egentleg kun gjere det i lengderetninga, då du der er avhengig av at ting stemmer. Det spelar mindre rolle om kortet er 0,5 cm høgare en tenkt.
Grunnen til 30 cm ser ein her. Kvar av kolonene er 10 cm bredde på.
Du skal skjere arket mellom punkat der det strå 15 cm. og inn til midterste kolona nederst.
Tips:
Om du ikkje har ein slik svart dings som du ser på bilde, til ditt skjerebrett (den skjer ikkje, lagar berre fold), så kan du bruk ein strikkepinne, eit faldebein eller noko anna med avrunda kant. Du legg då arket under linjalen der du vil ha folda, og fører verktøyet i det sporet du vanlegvis brukar kniven i.

Slik ser arket ut når det er ferdig skore. Eg brukar pynteark som er 0,5 cm smalare en det under, og vil derfor lage meg remser på 9,5 cm til dette kortet. Men høgda må du prøve deg fram med.
Viss ein brukar punchar på arket, vil dei ha betydning for kor høgt opp pyntearket skal komme.
Kanten nede er her 8 cm høg, eg vil då lage ei lang remse med 7,5 cm høgde og lime over heile, før eg festar det på baksida.
Ein brukar gjerne ein tag, som ein stikk nedi for å skrive på, denne bør maks vere 7,5 cm brei, høgde etter ynskje. Prøv deg litt fram.
Her er to kort som er laga med denne. teknikken.
Klem Anita
onsdag 14. desember 2016
Luke 14
Utgangspunktet for kortet mitt i dag er det nydelige stempelet frå sponsoren vår.
Eg blir berre meir og meir glad i stempela frå Kreativehenderdigis.
Kortet i seg sjølv er ganske enkelt. Størrelsen er 6*8 og inni finn du kun pynteark på ei side, der som skrivefeltet er. Pyntearket er fjordårets frå Studio Light, ellers er det brukt bazzil og kraftkartong. Pynten er Wild Orchid Craft, bast frå hobbybutikken, og noe fra Søstrene Grene.
Stempelet har fått ei runde med frantag embossing før det vart montert på puter.
Kortet representerer Luke 14 hos Papirlosjen, utfordringa i desember er Jul / Vinter.

tirsdag 6. desember 2016
CAS
Clean and Simple (Christmas)
Vel eg er vel ingen av delane, men nokre gonger må ein gjere det ein får beskjed om. Stempelet er frå Karlight Sue, og ganske interessant. Eg hadde nok ikkje valgt det sjølv, men eg må sei eg tykte det var morsomt å fargelegge, utfordrande å lage CAS kort av, men veldig veldig kjekt.
Materiallista er svært enkel denne gongen, Bazzil og noke gullark kjøpt på Europris for nokre år sidan. Disane er Nellie Snellen og Scrapmagasinet.
Eg fekk litt problem med refleks i kortet då eg skulle ta bilde av det, så naboens hus og ei søyle på altanen viser i det blanke gullet. :)
Resten av CAS Christmas korta som er laga til Barnemix finn du her: Barnemix Clean and Simple Christmas

fredag 2. desember 2016
Dag 2 av adventskalenderen
Eg er så heldig at eg får åpne luke 2, i årets adventskalender hos Papirlosjen. Eg har difor lyst å gje dokke, ein for meg ny idee, og forklaring på korleis eg gjorde det.
I år hadde eg planar om å lage pakkelapper av restepapir, for å gjere litt ekstra stas på dei som får gåver. Men då eg såg stempla til Gitte i Kreativehenderdigis, forstod eg at her nytta det ikkje med restepapir, eg måtte skrive ut stempla slik at de virkelig kom til sin rett.
Stempla er skrive ut på mønsterpapir, og motivet er fargelagt. Det første eg gjorde var å skjere eit 30*30 ark til, så det passa i skrivaren (a4). Skal du prøve dette, så sjekk at skrivaren din tek tjukkare ark, slik at du ikkje ødelegg den.
Så kutta eg ut stemplet med til/frå, la det opp ned over motivet eg ville bruke, og tegna rundt. Eg fargela den søte musa med Derwent - Colour soft blyanter, og limte delane sammen. Det vart enkel pynt, då pakkelappar gjerne skal lagast i litt større mengder, og motivet er så nydeleg i seg sjølv.
Stempla eg har brukt heiter: Digi 44 (mus med treet) og Digi 111 (til / frå lapp). Du finn dei under julestempel.
I det siste bilde vil du finne min RAK, som blir gitt vekk til ein av dei som leverer inn bidrag i desember hos Papirlosjen.

Etiketter:
Jul,
Kreative Hender,
Papirlosjen,
RAK,
Tag
torsdag 1. desember 2016
Adventskalender og Jul med Kreative Hender
Papirlosjen har også i år ein adventskalender. Vi vil prøve å inspirerer, kvar dag frem til jul, med kort og andre papir kreasjoner.
I tillegg har alle Dt'ane ein RAK til sin personlige favoritt. Det vil si at det er 10 personer som kvar får en RAK fra ein av oss.
Månedens sponser er Kreative Hender digis, og vi har fått nokre flotte julemotiv/tekster å leike oss med. Dei leverer også premien.
Eg har funne fram nokre gamle ark frå Riddersholmdesign - A Christmas Story, kraftkartong og brun bazzil. Disen som brukt kjem frå Magnolia (den er også ganske gammal) og blomane kjem hovedsakleg frå Wild Orchid Craft. God Jul er skrive ut på pc.
Motivet er skrive ut på kraftkartong og fargelagt med Coloursoft frå Denwert.
Anbefaler alle å bli med på utfordringa til Papirlosjen denne månaden. Det er virkelig verdt det.

Abonner på:
Innlegg (Atom)