fredag 4. august 2017

All Dressed Up

I 2012 var eg på kurs, eg var på 3 kurs med ei dame som heiter Anja. Eg hugsar ikkje etternavnet, og eg har ikkje sett ho online i scrappeverden på nokre år.

Men i allefall, eit av kursa eg tok med henne var herrekort i vintage stil. Og vi farga arka vi skulle bruke i kaffi.  Dagen etter kurset, stod eg og barna mine å farga resteark i kaffi.
Eg har femdeles ein boks med ark eg har farga med kaffi, og kvar gong eg opnar lokket, så kjem kaffilukta fram.


Vintage betyr egentlig av god gammel årgang, men i kortverden bruker vi det ofte om brune, jordfarga kort. Ein bruker normalt ikkje glade farger eller pasteller i vintage kort. Men ingen regel uten unnatak, og vil trur du får ulike svar avhengig av kven du spør.

Då eg mottok motivet eg skulle bruke, så lurte eg litt på korleis dette skulle passe saman. Men det passa heilt supert, eg vart veldig fornøgd med resultatet.  Og endå har eg ikkje fylt det opp med blomar :)

Ta gjerne turen innom Hverdagsnett for å sjå korleis dei andre har løyst oppgåva med vintage.



Klem Anita

1 kommentar:

  1. Dette kortet likte eg godt. Både feminint og røft. Eg har vist kaffifarga ark liggande eg også :)

    SvarSlett