tirsdag 8. januar 2013

New beginnings


Very late here, but here's my entry for Passion for Promarkers 179 theme.
Everything is colored with Promarkers.
Disene are Spel Binders, otherwise I have distressed edges and made the loop.


I'm entering: promarkerchallenge.blogspot.no


Image is edited in a bad program, sorry the quality

Hug Anita

onsdag 19. desember 2012

Når eg fyrst er i gang.

Eit julekort eg vart godt nøgd med. 

Har på nytt vore i restekassa, grisa med gesso og montert sammen eit kort. 
I tilegg til restearka, er her brukt blonder, osteklut, heimehekla "blomst" med glitterlim, pollenbær, serviett, og blomster.  På tagen bak den store Tilda står det God Jul, den er laus, så ein kan skrive på den.

Alt er farga med Promarker, og eg er spesielt fornøgd med trea, sidan grønt er ein lite brukt, og derfor "vanskeleg" farge for meg. Stempelet er delt i 2 etter farging, for å få meir skogsfølelse. 

mitt bidrag nr 2 til promarkers store 1.årsutfordring:  promarkernorge.blogspot.no




Må seie eg fall fulstendig for desse små figurane. Å lage lanskap er rett og slett moro. 





 Innsida: 


Klem Anita


på tide med ein nytt innlegg frå meg

Er lenge siden eg har lagt ut noko her. Har laga masse, men ikkje hatt tid, eller nok ork til å poste noke fornuftig her på bloggen.  Dessuten har min bror giftat seg, og det "måtte" han gjere i Thailand av alle stadar, så eg har hatt meg ein lengre tur dit også.


Først ein Pakkelapp eg laga til ei av mine gode veninner.  Vanlige bazilark, Spelbinders dies, og ei fantastisk Tilda, som er farga med Promarker.   Og om nokon lurte, ja eg har snart heile serien :)

Melder meg på Promarker Norge sin juleutfordring


Klem Anita

lørdag 3. november 2012

10 + 10 Birthday

We celebrated 2 * 10 years the 1.november.  
Theme was scary. 12 boys dressed as vampires, trolls, werewolves and zombie, had a big party.
Here is the card I made for one of the 10 year old.

Everything is colored with Promarkers ofc.

I want to participate in these challenges:






Thanks for stopping by. Feel free to leave a comment :)
Hug Anita




fredag 19. oktober 2012

Min shabby oppgåve

Eg har teke eit dykk i restekassa. og skore ark i 3 ulike fasonger 3*3 ark. Måla vart slik dei vart, ut i frå storleiken på arket i utgangspunktet. 

Eg har brukt framgangsmåten vi lærte på kurset. 
Sidan eg ikkje har Tim Holtz disen (klokka), endå, så har eg skore ut ei krone bak motivet.  Eg gløymde fjøyra, men ellers skal detaljane vere til stades.  

Magnoliane er farga med Tan, Putty og Almond på klær, eg er spesielt fornøgd med at eg fekk eine delen av kjolen til å sjå "gjennomsiktig ut"  Det er ei stund sidan eg farga desse, så teknikken ellers har nok forbetra seg noke sidan eg laga dei. 

Den kvite blomsten er ein Marianne dise, laga i kaffifilter (likar kvitfargen og teksturen) Dei rosa blomstrane er WOC og dei små kvite fekk eg i gåve. 

På innsida har eg igjen krona - ein spelbinder dise som kjem i et sett på 3, der denne er den største.  Arket bakom er eit magnolia ark som eg likar veldig godt, og berre hadde denne biten igjen..

Om nokon lurte. Ja alt er farga med gesso. Ein kan like gjerne bruke den kvite malingen ein får på Europris, men eg hadde gesso i hus og bruker derfor den.  

Fargen på bilda vart litt blå, då eg akkruatt så vidt rakk dagslyset i dag. men er likevel mir fornøgde med den en dei eg tek inne. 





Denne detaljen er til Anja :) 




Klem Anita




tirsdag 16. oktober 2012

Oppgåve vintage

I forbindelse med kurset her i Førde fekk eg 4 utfordringar av Anja. 

Her er mi løysing av utfordringa : " lag eit vintage bilde, og bruk denne (ein pyntestein, med gullkant) Du skal sverte den med den stasonputa du har."  Puta mi er heldigvis brun, men ser den gjer eit noko raud skjen når det er tynt lag på blankt metall/glass/plast. 

Eg har kosa meg med sterk kaffi, og ungane har kosa seg med sterk kaffe. Dei stansa ut sommarfuglar og hjerter og styra fælt med masse ark.. Det Brune arket inni kortet er det sonen min som har laga, og putta i kaffi. Eg strødde berre litt ekstra på. 

I tilleg til pyntesteinen, har ein blomst også fått seg ein omgang med stason puta. Den ser litt blankare ut på bilete en i virkeligheten. 
Frimerka fekk seg og ein tur i kaffi, men dei trekte dårleg, så eg strødde litt oppå, men effekten var ikkje så veldig stor.  

Julenissane har selvfølgelig også fått ei runde i kaffien. Det var nokre nissar eg i utganspunktet ikkje trudde eg kom til å bruke, men hadde teke vare på til ungane. Dei vart veldig mykje finare etter den behandlinga.

Kortet er ellers bygd opp slik vi gjorde det på kurset.  og fått seg ein liten dusj med glimmermist Golden terracotta.  Men gold står på min "MÅ HA" liste, så eg skal sjekke med Bokuben i morgon. 
I tilleg må eg nok ha meg ein ny stiftemaskin, for den eg har trur eg er utsleta. 

Det er ein svung på God Jul banneren, men den syns ikkje på bildet. 

Alt i alt er eg ikkje missnøgd med kortet, ser eg har litt å gå på, men med litt trening, kan eg begynne å bygge dei opp etter eigen mal, og ikkje berre sjå etter andre. 

I morgon skal eg enten søle med kvitmaling, eller fargelegge mykje. (husarbeidet går ingen stad)







Klem Anita



søndag 14. oktober 2012

Kurs kurs kurs.. :)

Vi var så heldige å få Anja frå anjsas kortkreasjoner på besøk i Førde.  Heile 3 kurs holdt ho. Eg er så proppfull av inspirasjon og idèar at eg egentleg ikkje har tid til å gå på jobb den neste veka :)


Siste kurset hadde var promarker kurs.. Du finn mange flotte tips, mykje inspirasjon samt utfordringar her:  Promarker Norge.

Vi vart ikkje ferdige med oppgåva vår, så eg begynte på mi heimelekse i dag. (I tillegg fekk eg ein del utfordringar frå Anja med meg heim, og dei kjem opp her etter kvart som dei er ferdige.  Eg berre "MÅ" ha 2 tusjar til først)


Oppgåva var å lage eit kort der ein brukar fleire farga motiv i same.  og slik vart det :
Ps. fotokvaliteten er dårleg. Eg må snart finne på noko lurt, for med kortare dagar får eg ikkje tatt bilde i dagslys uansett..









Var nokre ting eg ikkje vart heilt fornøgd med, bla. plaseringa av dua og trappa. Trappa er skjeiv og dua "tek opp i kanten"

Eg ser og at eg må til inkjøp av fleire stempel som er pynt, ikkje hovedmotiv, for dette var rett og slett skikkeleg moro. 

Klem Anita