onsdag 10. august 2016

Enda et bilde.

Dette bildet er laga "berre fordi" og no har mottaker fått det så eg kan vise det fram til resten av "verden"

Lerret er 30*70 slik som dei andre, og eg har gjordt meg nokre nye erfaringar når det gjeld produkt.
Først: trelim funkar, den held på plass alt eg har prøvd den på til no. Men, og her er et men, eg veit ikkje korleis den vil fungere på sikt. Den eg brukte tørka litt gul, noko som ikkje spelte noko rolle sidan eg skulle grunne alt før eg begynte å spraye/male, men eg ville ikkje brukt den på blomane osv. til slutt. Eg er ikkje redd for at ting skal løsne etc. for trelim blir brukt til å holde ting saman i hus :)

Dylusionspray kan endre karrakter på flaska etter eit par år. Eg har ein del sprayar som er 2-3 år gamle, og 2 av dei (midnight blu og orange) "tørkar ikkje". Dvs. eg får farge på fingrane etter at dei skal vere tørka. Eg løyste dette ved å inkapsle det med decopage lim, men irritasjonen var stor når eg holdt på.


Det var erfaringane, over til biletraset.  Denne gangen hadde eg motakar i tankane heile veien, og ville at resultatet skulle inneholde detaljar som gjennspegla hans interesser og yrkje. Bildet er difor maritimt, med ein del hint til yrkje og hobby skult i detaljar.


Denne bilen har eg gleda meg til å få bruke. (kinderegg)

Fisken er i lær, det er noko av det som blir igjen når dei skjer ut slirer på knivfabrikken.

For ein del år sidan var det poppulert med hengande blomsterpotter etter snører som var laga av skjell eller makrame. Eg har ei slik lenkje liggande, den passar perfekt på slike bilder.




Klem Anita

fredag 22. juli 2016

Kreative Hender

Seint i går kveld fekk eg ei gladnyheit, Vi i Papirlosjen får lov å boltre oss med nokre knallfine stempel frå Kreative Hender. Et sit forsatt å smiler.

Gitte Garvik som driv Kreative Hender, har tidlegare hatt nettbutikk med gummistempel. Det er ho no slutta med, og konsentrerer seg i staden om Digitale Stempel, noke eg tykjer er storveges.

Dei fyrste eg vil presentere er nokre tekststempel, og berre for å ha sagt det, tekststempel er ikkje mi sterkaste side, men eg har lenge hatt lyst å utfordre meg sjølv til å lage kort utan bilete som hovedmotiv.
Desse tekstane inbyr ikkje til overlessa romantiske kort med haugar av blomar, så eg har laga ein liten serie på 4 kort i ein meir CAS stil.

Tekstane får du som digitale stempel, og kan skrive dei ut sjølv.  Arka er Bazzill og mønsterark frå Joy Craft.







Klem Anita

torsdag 21. juli 2016

Star Stampz

For ei kort tid tilbake sparya, og mala eg på nokre tags, slik at dei ligg klare til pynting.

Motivet eg har motteke frå Star Stampz  - Spring Bumble Bee er perfekt til å bruke på ein søt tag til ei søt lita prinsesse.

Tag'en er laga av motiv-ark eg ikkje likar, den er først embossa, fått litt modeling paste gjennom ein stensil, så måla kvite, før eg spraya med rosa, gul og gull. Eg har pynta enkelt med nokre dots, blomar og eit par band, då eg ikkje ynskjer å gøyme bakgrunnen eg har laga.

Motivet er farga med promarker. Og med det har eg presentert dagens inspirasjon til sommarens utfording hos Papirlosjen.





Klem Anita

torsdag 7. juli 2016

Boks til tørkeservietter.

Vel, eg trudde eg hadde posta siste mixed media prosjektet eg posta på ei stund, men so feil kan ein ta,

No er endeleg boksen eg ville lage, ferdig også. Den er bygd opp av embalasje, rundt ei ekse med servietter/lommetrøkler.
Det var litt plundrete å få den i heilt rett størrelse, for meininga er at ein skal kunne byte ut boksen som står inni når den er tom, så ikkje for laus og ikkje for trang var utgangspunktet.

Boksen vart dekka til med mønsterpapir på sidene og under, for å sikre at eg fekk god hefting på det eg skulle lime på. Den er grunna med kvit, og måla og spraya i fleire lag.

Føtene er trehjerter som er berekna som bordpynt. Desse for å ungå at boksen trekker vatten om ein sølar litt.

Eg har tekje utgangspunkt i favorittfargane til mottakar. Rosa og Gul, men gul blei omgjordt til gull.






tirsdag 5. juli 2016

Alt er lov

Alt er lov er utfordringa hos Papirlosjen.no for Juli og August. Sponsorer er Gode Minner, men denne butikken er desverre nedlagt, og Stempel fra Stars Stampz, stempelet derifrå kjem i eit seinare blogginlegg.

Eg har laga ein tag av restepapir, eg kutter arka på 6*4 cm. Klipper av hjørne (2 cm inn frå kvar side), limer 2 tagger mot kvarandre, og lager hol i toppen.
Tagen blir så embossa og farga med spray eller maling. På denne er det brukt litt Inka Gold for å framheve detaljane i embossinga. Alle blomstrane er frå Gode Minner. Det same er den rosa blonda.








Klem Anita

søndag 3. juli 2016

Lerret nr 3 og 4

Min far og min bror har bursdag i mai. Sidan mine 2 første lerret var ferdige, og det var komme ynskjer (frå mi mor) om eit slikt bilete, så bad eg dei velge farge ut frå dei 2 fyrste, og laga eit til kvar av dei.

Denne gongen legg eg ikkje ved noke beskrivelse, men om du lurer på korleis eg lagar desse så finn du det her: Mixed media

Eg har brukt same sommarfuglen på alle som fokuspunkt. Eg har testa ut litt anna, men denne vart best. Treng nokk å finne på noko nytt om eg skal lage fleire bilder. No er det ikkje så stort problem at desse er like alle saman, for dei heng i ulike hus.












 

Etter spraying.

Det røde før maling.


 Klem Anita

fredag 1. juli 2016

Sommer

Det er sommar utforing hos Papirplaneten - den varer i 2 heile månader, og du må gjerne vere med.

Som mitt bidrag har eg laga ein Tag av restepapir. Den har fått seg ein tur gjennom med ein embossingfolder, nokre runda eigenblanda maling, og deretter pynta.

Diesen bak motivet finn du her: Papirplaneten.no, stempelet er KennyK. fargelagt med Promarkers. Blomane er hovedsakeleg Wild Orchid Craft. Greinene Tim Holts og Sommerfuglane frå Pion.






For at det skal vere mogleg å skrive nokre ord, har eg laga ein liten tag, som eg festar på baksida ved hjelp av ei papirstripe tvers over. Skal ein gje pengar kan desse også plaserast her (forutsett at det er papirpengar)