mandag 9. mars 2015

Art Journal

oppgave 19

Gjett om eg blei glad då eg kikka inn på Et Trykk og fann Art journal som dagens oppgåve. 
Jadå eg har ein, og den stod å samla støv. Den hadde ein del ferdigfarga sider og eg bråtende på ideen om å vise fram barna sine teikningar der. 

Mi minste prinsesse (8) har i eit par veker no vore reine designeren, og det er mange mange ark med kjolar og tilbehør, som eg ikkje heilt har vist kva eg skulle gjere med.  No har nokre av dei fått plass i min journal saman med eit fantastisk sjølvportrett.  Ho hadde sminka seg, og sat å såg seg i spegelen for å få sminka på teikninga korrekt. 


Bakgrunn er spraya med Dylusions i blå og grøn, og påført eit lag lakklim. Detaljar laga med stempel/stensilar og gesso.  Motiva er klippa ut og limte på med lakklim. Til slutt limte eg på bokstavar, og skyggela ein del av utklippa. 

Denne skal også vere med i : Et Trykk - jubeleumsutfordring nr. 19

Kjole med tilbehør.

Mus med klær. legg spesielt merke til belte med stjerner /nagler. 

Mi løysing av oppgåva. 


Og slik ser kunstnaren ut, ein sein kveld :)

Og her er arbeidsplassen hennar. 

Klem Anita



2 kommentarer:

  1. Hei!

    Så flott AJ side :-) Og kjempegøy at du lot deg inspirere til å bruke barnetegninger! Gjør det mye selv, og elsker det! Takk for at du ble med på utfordringen! Klem fra Vibeke

    SvarSlett