fredag 13. mars 2015

Meanderbok

Meanderbok -  det første eg gjorde då eg såg det navnet, var å google det, for ikkje viste eg kva dette var for noke.  Videoen eg fann viste ei utrulge kul bok som ser mykje vanskelegare ut å lage en den er.
Videoen fant eg her!

Mi vakre prinsesse fyller år om ei veke. og Simply Betty hadde ein freebee på FB sida deira som ein fekk mot å levere eit bidrag i løpet av 2-3 dagar. Så då var egentleg resten enkelt. 

Eg bretta boka, skar pynteark som vart monterte etter kvart. Eg laga også små taggar som eg har limt på ulike tekstar, nokre stempel, resten personlege helsingar til henne. 

Så pynta eg inni med fleire stempeltrykk og blomar, men eg fant fort ut at boka vart veldig tjukk veldig fort, så den måtte vere sparsomt med pynt på innsida. 

Eg kjem nokk til å legge inn små personlege ord og tekstar til jenta etter kvart, men desse har eg ikkje lyst å vise på bloggen, så dei ventar eg med..

Denne er med i Eit trykk oppgave 17















Dette er nokre av taggane som er stukke inn i kortet. 
Klem Anita

1 kommentar:

  1. Så nydelig boka ble! Koselig å gi bort og enda hyggeligere å få med alle de fine ordene:)
    God påske! Klem fra Kjersti:)

    SvarSlett