torsdag 15. desember 2016

Mal på et brettet kort.

Fekk spørsmål om denne teknikken, og klarte ikkje å finne nokon link, sidan eg egentlig ikkje hugsar kva navn dette kortet har. Berre for å ha understreka det, det er ikkje eg som har komme fram til denne, men den har florert så lenge på nettett, at eg ikkje veit kor eg skal leite for å finne fram til orginalen. Eg veit heller ikkje om eg gjer det heilt slik det orginalt vart gjordt.

Sidan FB er ein dåleg plass å skrive lange tekstar med forklaringar legg eg det inn her.

Du begynner med eit ark på 30*30 cm.. Det betyr at du må skjere/klyppe vekk 0,5 cm frå sidene. Du treng egentleg kun gjere det i lengderetninga, då du der er avhengig av at ting stemmer. Det spelar mindre rolle om kortet er 0,5 cm høgare en tenkt.

Grunnen til 30 cm ser ein her. Kvar av kolonene er 10 cm bredde på.
Du skal skjere arket mellom punkat der det strå 15 cm. og inn til midterste kolona nederst.

Tips:
Om du ikkje har ein slik svart dings som du ser på bilde, til ditt skjerebrett (den skjer ikkje, lagar berre fold), så kan du bruk ein strikkepinne, eit faldebein eller noko anna med avrunda kant. Du legg då arket under linjalen der du vil ha folda, og fører verktøyet i det sporet du vanlegvis brukar kniven i.





Slik ser arket ut når det er ferdig skore. Eg brukar pynteark som er 0,5 cm smalare en det under, og vil derfor lage meg remser på 9,5 cm til dette kortet. Men høgda må du prøve deg fram med. 
Viss ein brukar punchar på arket, vil dei ha betydning for kor høgt opp pyntearket skal komme. 

Kanten nede er her 8 cm høg, eg vil då lage ei lang remse med 7,5 cm høgde og lime over heile, før eg festar det på baksida. 

Ein brukar gjerne ein tag, som ein stikk nedi for å skrive på, denne bør maks vere 7,5 cm brei, høgde etter ynskje.  Prøv deg litt fram.


Her er to kort som er laga med denne. teknikken.  

Klem Anita






1 kommentar: