Når eg er så heldig at nokon vil lære meg nye teknikkar, så praktiserer eg dei så fort eg kan i etterkant, også kalla lekser. :)
Vi laga bakgrunnar, no tykjer eg det er kjekt å vise fram ferdige produkt, så her kjem noke av mi heimelekse.
Pose: Panduro, embossingfolder: Spelbinders, pynt: rester. Maling: Acrylmaling. blomster: WOC, og dei fine lilla "steinane" fant eg hos Bokuben.
Du finn denne i utstillinga til Bokuben, nettopp på grunn av dei fine lilla. :)
For å ha noke å skrive på har eg festa ein enkel tag med band og binders. Lett å ta av for å skrive på, og kan skjulast så den ikkje dekker pynten.
Måtte også teste ein kvit versjon. Her har eg også skore ut ein del figurar i papp i tillegg til ulike restar.
Klem Anita