lørdag 17. oktober 2015

Utan Motiv

Utan motiv, går det an då.  Det gjer vist det, og fint blir det og. Eg må vedgå at eg er litt låst i framgangsmåte når eg lagar kort, og eg brukar "alltid" motiv.

Ein gong i vår bestemte eg meg for at no skulle eg lage kort utan motiv. For at ikkje oppgåva skulle verte for vanskeleg, kikka eg på kva andre har gjordt, og plukka insprasjon frå ulike andre kort.

Her er eit av korta eg laga. Dei kvite detaljane er laga i papirleire, og mala med gesso/akrylmaling for å få heilt kvite. Det finst ein heil masse ulike silikonformer å få tak i, mange av dei er berekna til kakepynt, men dei fungerer like godt til paprileire, eller anna leire for den saks skuld.

No er det ikkje alle detaljar som er laga i leire, hjørna er metalhjørner som har fått eit par lag med måling for å verte kvite.





1 kommentar: