onsdag 14. oktober 2015

Høst med KennyK


Dette er eigentleg eit restekort, eg har samla nokre bitar av ark frå 2 ulike blokker, (Tim Holts og Graphic 45) som eg tykte passa svært godt i lag. 

Marlyn Monroe er jo ei flott dame, og fortjener eit flott kort.  Gratulerer disen til Papirdesign passa utmerket til stilen i kortet. 

Taggane er laga med Nellie Snellen diser, det samme er den grønne bak Monroe. Blomane er for det meste frå Wild Orchid Craft. men ein er handla på Ali. 

Det er ei stund sidan eg brukte dei store perlene mine, men no er dei henta fram i lyset, og eg kjenner at eg verkeleg likar å bruke slike på kort. 

Eg hadde "varetelling" over kor mange kort/prosjekt eg har laga hitil i år og det er nesten like mange som det er dagar. Då telde eg ikkje med inbydelsar og bordkort til konfirmasjonen i vår. Enkelte dagar følere eg meg svært lite kreativ, og tenkjer at eg ikkje får gjordt noke, å då sjå at det har eg faktisk er veldig godt. 

Yskjer alle ein kreativ haust. 


Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar