mandag 14. desember 2015

O jul med din glede

Det er på tide å vise fram nokre av julekorta eg har laga i år.
Eg må innrømme at eg ikkje sender så mange kort, faktisk så sender eg ikkje kort. Eg har ikkje noke i mot å sende kort, eg kjem meg berre ikkje til det.  Eg gjer vekk kort, eg lagar dei, mange, mange kort.

I november kom ein kollega til meg og lurde på om eg kunne lage nokre julekort som ho kunne ha med i ei salgsutstilling 2 helger før jul. Slike spørsmål seier ein ikkje nei til. Du finn henne i den midterste hytta på Coop Exstra i Førde. Dei sel juletre som garantert ikkje stikk, ja eg har testa og det kan anbefalast. Ho har nokre nydelege lykter, og ei endå nydelegare julekrybber, +++ så eg anbefalar alle som kan å kikke innom henne neste helg. Ho skal vere der både laurdag og sundag neste helg.

Eg har sjølvsagt laga både fyrstikkøsjer og pakkelappar ho kan selje, men dei får de ikkje sjå i dag :)

Papira er for det meste frå Panduro sine juleblokker, 12*12 årets, fjordårets og den før der.
Motiva er frå pion, dei runde er stansa ut frå fine ark, dei firkanta er får eit eige motivark.

Her er nokre av dei, resten kjem i morgon.






Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar