Eg starta produksjon ein kveld, og ved hjelp av litt barnearbeid så fekk eg ei høveleg mengde rullar klare til jul.
Mesteparten av desse vart brukte i 4 julegåver a 2 posar til kvar. Posane eg skulle bruke måtte sjølvsagt pyntast etter alle kunstens reglar. Men berre halvparten vart teke bilete av.
Ideen til desse posane fekk eg hos Kirsten Hyde. Ho har laga ein nydeleg adventskalendar.
Posane mine er laga på adventskalender posar kjøpt på Kremmerhuset, dei har fått ei runde spray og maling før motivet blei limt på. Eg har og brukt nokre mikroperler kjøpt på ebay, desse vert selde som perler til neglepynt.
Her er bilete av 3 av mine posar.
Klem Anita
Kjempeflotte poser ! Ha et godt nytt år ! Klem ;)
SvarSlett