fredag 11. desember 2015

Bordkort

Dette er bordkorta vi brukte i Malene sin konfirmasjon

Bordkorta vi brukte er små øskjer laga med Envelope punch board. Det låg 2 små sjokoladehjerte, pakka i rød folie, i kvar øskje.  Alle gjestane fekk kvar sin figur, nokre var veldig fornøgde, andre klaga stort over attributtane på figuren :).  Konfirmanten fekk sjølvsagt velge seg ut kva figur ho ville ha på sitt bordkort.

Stempela er alle digitale for å få dei små nokk. Eg har brukt organsa band, og ei enkel WOC rose. Teksten er skriven ut frå pc.  Alle motiva er farga med promarker. Det var totalt 29 bordkort, så det var litt jobb med fargelegginga. Men boksen er enkel å lage, og pyntinga gjekk fort.





Bordet  

Blomane

Klem Anita


1 kommentar:

  1. Så utrulig flotte bordkort! Kan sjå for meg at det var litt spenning rundt bordet når alle skulle sjekke motivet på sitt bordkort :-)

    SvarSlett